Bli din eigen energirådgjevar! Skriv inn din adresse og få tilgang til ein gratis objektiv energianalyse av din bustad. Du kan sjå effekten av ulike energitiltak og sjå innsparing i energibruk og energikostnad, forventa reduksjon av CO2- utslepp og energimerke. Sjå energirådgjevar Folke Pettersen gjennomgå Energiportalen på 1-2-3 

Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020

Eit tiltak i denne planen er å etablera abonnement på energiportalen.no som verktøy for innbyggjarane til å gjera energitiltak i eigen bustad. På Energiportalen får bustadeigarar informasjon om energiforbruk knytt til eiga bustad, samt forslag til tiltak for å redusera energiforbruket.

Forbod mot oljefyring

Forbod mot bruk av fossil olje og parafin til oppvarming i bustadar vert gjeldande frå januar 2020. Vi oppmodar om å nytta fagfolk ved fjerning av oljetank. Les meir om lovverk, ansvar og økonomisk støtte frå Enova på Fjell kommune sine heimesider.

Søk om støtte frå Enova

Du kan få støtte frå Enova til å fjerna oljetank og oljekjel når du installerer ei fornybar varmekjelde. Endring i støtteordning for energitiltak i heimen gjer at du nå kan installera tiltaket og sende inn faktura eller kvittering i etterkant. Sjå om nokon av tiltaka er smarte for din bustad på Energiportalen.

Snakk med ein energiekspert

Du kan stille små og store spørsmål om din bustad til Noregs fremste energirådgjevarar. Våre rådgjevarar kan hjelpa deg å finna smarte energitiltak, tilpassa den einskilde bustad og husstand. Vi svarar også på spørsmål om bruk av Energiportalen på telefon eller e-post.
Ring gratis til 466 26 00 (kl. 09:00 - 15:00 måndag til fredag). Vi hjelpar deg gjerne!